Helsestasjon for ungdom

Fysisk og psykisk helse, kosthald, spiseforstyrring, mobbing, tobakk og rusmiddel. Seksualitet, seksuell legning, samliv, prevensjon, seksuelt overførbare infeksjonar, graviditet og abort. Familie, vener, kjensler. Vald, overgrep og omsorgsvikt. Alle desse temaa er kanskje noko du som ungdom strevar med eller har tankar om. Ikkje nøl med å ta kontakt med helsestasjonen om du gjer det. 

Målgruppa for denne tenesta er ungdom i alderen 13 - 20 år

Helsestasjonen for ungdom er ope måndagar frå 14:30-15:30. 
Her kan du få snakke med helsesjukepleiar eller jordmor mellom kl. 14:30-15:30. Mellom kl. 15:00-15:30 kan du treffe lege.  

Hjå helsestasjonen kan du og få gratis kondomar, klamydiatest og graviditetstest. 

Sjølvtest for klamydia finn du i Utgard på HC-toalett bak garderoba i 1. etasje. 

Pris

Tenesta er gratis.

Kontakt

Stine Brenna
Helsesjukepleiar
Mobil 976 67 746
Liv Marie Øyjordet
Leiande helsesjukepleiar
Mobil 976 67 747