Konfliktrådet

Få menneske går gjennom livet utan noko form for konfliktar. Nokre usemjer blir så store at dei vil vere vanskelege å løyse på eigahand. Nabousemja som ligg der og kvernar bak i hovudet, meldinga for vald på fest som vart forkynt av den lokale lensmannen i går. Eller tjuveriet du var teken for på Cubus, råninga med den gamle Volvoen sin som skremde ungane i barnehagen - døma er mange.

Statleg teneste

Konfliktrådet er ein statleg teneste som tilbyr mekling i sivile saker og straffesaker. Målet er at partane sjølve skal finne fram til ei løysing og ei avtale ved hjelp av ein nøytral meklar. Alle tilsette og meklarar er nøytrale, og har teieplikt, og skal legge best mogleg til rette for at alle partar får arbeidd med kjenslene sine rundt konflikten, og dermed kan leggje det ubehagelege bak seg.

Les meir informasjon om Konfliktrådet Innlandet på deira nettside.