Krisepakke frå regjeringa og Nasjonalbiblioteket

Klikk for stort bildeDigital krisepakke til biblioteka. nb.no  Regjeringa og Nasjonalbiblioteket set inn ekstraordinære tiltak for å gje publikum eit best mogleg digitalt tilbod mens biblioteka er koronastengde. Biblioteka vil få støtte til innkjøp av fleire e-bøker og til formidling og arrangement på digitale plattformer. E-bøkene våre er tilgjengelege i appen Bookbites. Last ned appen, registrer deg med lånenummer og pinkode, så er det klart til å låne. Du kan kontakte biblioteket på telefon eller e-post for å få tak i lånenr/pin. 

Fram til sommaren vil alle skular, elevar og studentar få tilgang til heile den digitale samlinga til Nasjonalbiblioteket av pliktavlevert materiale, og den digitale tilgangen for forsking og dokumentasjon blir dobla.

Meir om den digitale krisepakka og tilgangen her.

Nasjonalbiblioteket har dessverre nedetid i skrivande stund, men nettsida vil snart vera oppe og gå att.

Vi oppmodar elles alle til å følge oss på facebook. Det er der vi legg ut mest informasjon, fine lenker og oppdateringar mens biblioteket er stengt.