Digitale tenester

 Bookbites - lån e-bøker og lydbøker 
BookBites attskapar fordelane til den fysiske boka i ein digital kontekst. Med ein banebrytande lesetekno­logi sporar BookBites lesehastigheita di kontinuer­leg, og antalet leste minutt blir eit fast haldepunkt under lesinga. Som lesar får du oversikt over boka, og det blir synleggjort nøyaktig kor lang tid det vil ta å lese neste bit eller heile boka.

 Biblioteksøk - bestill bøker frå andre bibliotek i Noreg
Dersom du ikkje finn det du ynskjer å låne i vår katalog kan du bestille frå andre bibliotek i Noreg. Biblioteksøk er utvikla for å gje ei felles oversikt over alle norske bibliotekkatalogar, og gje direkte tilgang til litteratur som er digitalisert i Nasjonalbiblioteket. 

 Oria - søketeneste
Oria er ein felles portal til det samla materialet som finns ved dei fleste norske fag- og forskingsbibliotek. Supplert med ei mengde elektronisk materiale fra opne kjelder, gjev Oria tilgang til materiale som bøker, elektroniske bøker, tidsskrifter, elektroniske tidsskrifter, dokument, artiklar, musikk og filmar.

 Nasjonalbiblioteket - gratis tilgang til bøker, tidsskrift, bilete og aviser
Nasjonalbiblioteket har digitalisert store delar av samlinga si og gjort den tilgjengeleg på nett. I nettbiblioteket kan du søke etter bøker, aviser, bilete og tidsskrift. Dette gjeld materiale som ikkje er verna av opphavsretten. 

 Pressreader - få tilgang til over 6000 tidsskrifter og aviser
Med Pressreader kan du lese over 6000 aviser og tidsskrifter heilt gratis. Desse kjem frå over 100 ulike land og er på over 70 ulike språk. For å få tilgang må du logge deg på når du er på biblioteket sin wifi. Deretter har du fri tilgang heimefrå i sju dagar. 

 Filmbib - sjå kortfilmar og dokumentarfilmar gratis
Alle med nasjonalt lånekort på norske bibliotek kan sjå kort- og dokumentarfilm gratis gjennom strømmetenesta Filmbib. Logg deg på med lånenummer og pinkode. 

Billedbokhylla - gamle billedbokskattar på nett. 
Mange gode billedbøker blir gamle og utslitt og forsvinn frå både bibliotek og bokhandlar. Nå er ein del av desse bokskattane vorte tilgjengelege via internett. 

Lesekroken - eventyr på ditt og mitt språk
Vel blant eventyr på fleire språk. 

Helsebiblioteket - oppslagsverk for helsepersonell
Gratis tilgang til fagprosedyrer, oppslagsverk, databaser, tidsskrifter og andre kunnskapsressursar for helsepersonell.