Lom folkebibliotek

Beste norske 2018-2020 er eit prosjekt som Lom folkebibliotek tok initiativ til og gjennomførde i 2021. Biblioteket engasjerte fire av landets fremste litteraturkritikarar til å kåre dei 15 beste norske skjønnlitterære utgjevingane frå 2018 til 2020.

Litteraturkritikarane som stod for utvalet var Bernhard Ellefsen, Anne Merethe K. Prinos, Margunn Vikingstad og Janneken Øverland. I alt 67 bibliotek frå heile landet deltok i prosjektet. Beste norske er ei vidareføring av Klassikar-prosjektet som Lom folkebibliotek gjennomførde i 2019. 

 

 Viss du bestiller fleire bøker, boksarar eller Tor Jonsson-nett som skal sendast i posten, betaler du prisen for éin inkl. porto og for opptil to til utan porto. Viss du bestiller fire, må du betale éin til inkl. porto. Altså ein porto per tre du bestiller.

 

Døme kjøp av tre bibliotekboksarar:
Betal på vipps:
1 bibliotekboksar inkl. porto: 95 kr
2 bibliotekboksarar utan porto til 65 kr per stk

 

 

Klassikarar for framtida - 25 nye 
Moderne klassikarar er eit prosjekt i regi av Lom folkebibliotek. Ideen til prosjektet kom med Stiftelsen Fritt Ord si utlysing av prosjektmiddel til formidling av klassikarar i bibliotek i 2017. Lom folkebibliotek valde å vinkle satsinga inn mot ny, norsk kvalitetslitteratur og potensielle klassikarar for framtida. 

 

 

 "Ord om fjell - ei digital fjellvandring"
Eit prosjekt som vart starta opp av dei 6 biblioteka i Nord-Gudbrandsdalen, Dovre, Lesja, Lom, Sel, Skjåk og Vågå, i samarbeid med Oppland fylkesbibliotek i 2010. Her samlar vi dikt som er relaterte til Nasjonalparkriket og til fjell generelt. Der det er gjeve samtykke om publisering på nettet, legg vi ut dikta i fulltekstversjon. Nokre av dikta er også innlese slik at du kan høyre på dei.

 

 

 Tre vise kvinner / to vise kvinner og ein visegutt 
Ein blogg frå 2008 - 2019 om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.