Beste norske 2018-2020

September - oppstart Beste norske

Beste norske 2018-2020 er eit prosjekt som Lom folkebibliotek tok initiativ til og gjennomførde i 2021. Biblioteket engasjerte fire av landets fremste litteraturkritikarar til å kåre dei 15 beste norske skjønnlitterære utgjevingane frå 2018 til 2020.

Litteraturkritikarane som stod for utvalet var Bernhard Ellefsen, Anne Merethe K. Prinos, Margunn Vikingstad og Janneken Øverland. I alt 67 bibliotek frå heile landet deltok i prosjektet. Beste norske er ei vidareføring av Klassikar-prosjektet som Lom folkebibliotek gjennomførde i 2019.