Lom folkebibliotek blir nynorsk pilotbibliotek

Tone Slenes - Klikk for stort bildeTone Slenes, avdelingsleiar Nynorsk kultursentrum. Nynorsk kultursentrum Lom folkebibliotek blir nynorske pilotbibliotek. Nynorsk kultursentrum har valt ut fem kandidatar til å vere nynorske pilotbibliotek i 2021–2023. Satsinga skal gjere nynorsk kultur og litteratur meir synleg sør og aust i Noreg. Gjennom den nye satsinga med nynorske pilotbibliotek skal Nynorsk kultursentrum og biblioteka samarbeide for å styrkje kunnskapen om nynorskformidling. 

Desse fem biblioteka er utvalde som nynorske pilotbibliotek:

– Innlandet: Lom folkebibliotek
– Rogaland: Sandnes bibliotek
– Rogaland: Skulebiblioteket ved Skeisvang videregående skole
– Viken: Hemsedal bibliotek
– Agder: Hægebostad og Eiken bibliotek