Tenester for deg som er i opplæringssituasjon

Studentar

Studentar, kursdeltakarar og vaksne som er i ein opplæringssituasjon kan nytte seg av tilboda i biblioteket. Vi kan skaffe bøker, artiklar og evt. andre medium. Pensumlitteratur der heile eller store delar av boka er pensum, må studentar i utgangspunktet skaffe sjølve. Vi tilbyr enkel opplæring i søk i eiga samling, og i eksterne kjelder som t.d. Oria. Vi har eit studierom med 2 PC-ar som kan nyttast også utanom opningstida til biblioteket (vi låner ut nøkkel mot depositum). Skrivar for publikumsmaskinene er berre tilgjengeleg i opningstida.

All litteratur vi låner inn er gratis for lånaren. Depositum kr. 200,- for utlån av nøkkel til bruk av studierommet. Eksamensavvikling og utlån/utleige av videokonferanseutstyr skjer etter avtale med vidaregåande skule.

Kontakt

Lom folkebibliotek
Mobil 477 11 809