Stein Versto om Tarjei Vesaas

Stein Versto om tarjei Vesaas på biblioteket 18.10. 2022. kl. 19.00 - Klikk for stort bilde

Tysdag 18. oktober kl. 19.00 held Stein Versto føredraget Dei store gåtene og den gode viljen på biblioteket. Det er i år 125 år sidan Tarjei Vesaas, den verdskjende forfattaren frå Vinje, vart fødd. Sambygdingen Versto fortel om forfattaren og diktinga hans og les utdrag frå nokre av tekstene.

Dette er eit arrangement i regi av Nynorsk kultursentrum i samarbeid med Lom folkebibliotek som er eitt av fem Nynorsk pilotbibliotek.