Utlån før påske

Ynskjer du papirbøker til påske? Vi opnar opp att for utlån denne veka slik at de kan bestille bøker til påskeferien.

1) Sjekk kva vi har i bibliotekkatalogen
2) Bestill bøker via lenka over eller send e-post, melding på facebook eller ring 
3) Vi samlar saman bøker og låner ut 
4) Bokpakker kan hentast utanfor biblioteket torsdag 2. april og fredag 3. april frå 10.00 til 14.00

Biblioteket er fortsatt stengt og vi låner ikkje ut bøker utan avtale.

Det går ikkje an å bestille fjernlån.

OBS: Vi tek ikkje imot bøker og sender ikkje ut purremeldingar før biblioteket opnar att. 

God påske til alle frå oss.