Nyskapande nabolag i samspel med natur og kultur

Gjennom Gnist-programmet har Lom kommune det siste året utforska korleis bustadfeltet Kulihaugen kan utviklast til eit attraktivt og mangfaldig bumiljø som rustar kommunen for framtida. Nå er sluttrapporten klar! 

Bilete av Lomseggen med kyrkja og bustadområdet Kulihaugen. - Klikk for stort bildeBilete av Lomseggen med gamle Loar, Lom stavkyrkje og Kulihaugen i framkant.

Gnist er eit innovasjonsprogram for kommunar som vil jobbe på nye måtar med stads- og næringsutvikling. Programmet gir kommunane ny kompetanse, metoder og verkty for å ta tak i sine spesifikke utfordringar, og snu desse til moglegheiter med konkrete løysingar saman med innbyggjarar og næringsliv.

Lom kommune ynskte å utforske nye bustadmodellar for både fastbuande og besøkande, som bidrar til varierte og gode bumiljø.  

Det er DOGA (Design og arkitektur Norge) og Nordic Edge som står bak Gnist-programmet, og som har bistått kommunen med å få kobla på design- og arkitekturkompetanse. 

Samarbeidspartnarane som vart plukka ut for Lom kommmune, og som nå har landa ein sluttrapport er Haugen/Zohar arkitekter (HZA), Natural State, Birk&Co og Haavind. 

Innlandet fylkeskommune har støtta prosjektet med kr. 200 000,- , DOGA har støtta prosjektet med kr. 100 000,-

Resultatet av arbeidet vart ein modell for framtidsretta bustadutvikling i distrikta, les sluttrapport: Attraktive og berekraftige bustadar i Lom 
Vart det litt mykje tekst? Da kan du lese ein stuttare presentasjon av rapporten her (PDF, 31 MB)

Det blir jobba med planane for vidareutvikling i 2023. 

Du kan lese meir om Gnist-programmet og dei andre prosjekta på DOGA si nettside.