Salsløyve

Kommunen kan gje løyve til sal av alkohol gruppe 1 og gruppe 2. 


 

Løyve til sal av alkoholhaldig drikk gruppe 1

Kommunen kan gje løyve til sal av alkohol gruppe 1 (øl) innafor fylgjande salstider:

Kvardagar kl. 08.00 - 20.00
Dagar før søn- og heilagdagar kl. 08.00 - 18.00

Gå til søknadsskjema for løyve til sal av alkoholhaldig drikk gruppe 1.

Løyve til sal av alkoholhaldig drikk gruppe 2

Kommunen kan og gje utvida løyve for gardssal (alkohol gruppe 2). Eit utvida løyve gir moglegheit til å selje eigenprodusert drikk med inntil 22 volumprosent alkohol, såkalla gardssal.

Krav til løyvet:

  • Produktet må ikkje vere omfatta av EØS-avtalen. Sjå liste over produkt som er tillatne: Tollposisjon 22.06 i Tolltariffen
  • Tilverkinga må skje ved salsstaden og minst ein tredel av innsatsvarene må vere eigenproduserte
  • Salet vil utgjere ein del av stadens heilskaplege karakter og salstilbod
  • Maksimalt sal per år kan ikkje overstige 15.000 liter

Gå til søknadsskjema for utvida løyve for gardssal.

Kontakt

Anne Berit Sandvoll
Konsulent servicetorget
Telefon 61 21 73 00
Mobil 913 18 558