Tilsyn byggesak

Kravet om tilsyn i byggesak, vart innført i 1998, og er ein integrert del av byggesaka. Overordna mål for tilsynstenesta er i fyrst og fremst å sjå til at byggetiltak i kommunane blir gjennomført i samsvar med Plan- og bygningslova (Pbl) med forskrifter og gjevne løyve. 

Kommunen skal føre tilsyn i slik omfang at det kan avdekke regelbrot. Kommunen skal føre tilsyn med allereie gjevne pålegg, og når den blir merksam på ulovlege, ikkje bagatellmessige forhold. Kommunen skal også føre tilsyn med særskilte forhold etter nærare forskrift frå departementet (prioriterte tilsynsområde), jfr. Pbl § 25-1. Tilsyna skal bidra til betre bygg, ved å sjå til at føretaka har rutinar for, og gjennomfører hensiktsmessig dokumentert kontroll

Kommunane i norddalsregion har samarbeidd om tilsynstenesta frå og med 2006. I 2014 vart det inngått vertskommuneavtale for felles tilsynsteneste mellom Vågå kommune, som vertskommune, og kommunane Sel, Dovre, Lom og Skjåk som samarbeidskommunar. Vågå kommune har tilsynsleiinga, og samarbeidskommunane stiller med fagtilsyn.

Tilsyn kan gjennomførast i alle byggesaker, og blir retta mot føretak som har erklært ansvarsrett(ar) i byggesaka. Tilsyn kan gjennomførast både førehandsvarsla og uanmeldt. Tilsyn kan utøvast som inspeksjonstilsyn på byggeplassen (varsla og uanmeldt), tematilsyn (varsla), dokumenttilsyn (varsla) og revisjonstilsyn (varsla). 

Krav om tilsyn i byggesak følgjer av plan-og bygningslova.

Kontakt

Bjørn Tore Aspen
Tilsynsleiar byggesak
Mobil 913 46 044