Papir og papp

Papir og Papp:

Lom kommune har innført ei ny ordning for levering av papir og papp frå hushalding og hytter.

Det er utplassert nye sjølvbetjente returpunkt – containerar til formålet (som er tilgjengeleg til alle døgerets tider)

Her kan ein levere avisar, tidskrift, reklamemateriell av papir, drikkekartongar, pizza-papp, pappaskar og liknande.

Gåvepapir skal sorterast ut som restavfall, og skal ikkje leverast her.

Papir og papp må vera reint, turt og må ikkje innehalda plast eller andre typar avfall, det skal heller ikkje buntast.

 

Nye sjølvbetjente returpunkt for papir og papp finn du på følgjande stadar:

  • Garmo sentrum
  • Lia – Måsåmyrbakken ved skihytta
  • Lom sentrum, parkeringsplass ved "nye" Kiwi og vest for Coop Extra(den nye parkeringsplassen)
  • Galdesand ved butikken

Adresse

Lom miljøstasjon

Liavegen 44, 2686 Lom

Opningstid:

Torsdagar mellom kl.1200 – 1800. 

Kontakt: 975 54 744

 

Kontaktperson i NGR for innsamlingsrutene i Lom, Skjåk og Vågå:
Alf Rune Melby
Telefon: 415 34 880
E-post: alf.rune.melby@ngr.no