Septikrenovasjon

Gudbrandsdal Miljø (G-miljø) står for tømming av septik på vegne av Lom kommune.  

Logo G-miljø VA365 - Klikk for stort bilde

Septikrenovasjon i Lom er sett burt til privat aktør. Tømming og transport til behandlingsanlegg skjer etter faste syklusar. Septikrenovasjon er regulert etter sjølvkostprinsippet, det vil seie at tenesta skal balansere økonomisk. 

Gå til gebyrregulativ

Har du problem med avlaupsanlegget ditt kan det vere lurt å kontakte ein fagperson for sjekk av eventuelle feil, eller kontakte transportør for spyling, ekstratømming eller naudtømming alt etter kva som er problemet. Hugs at dette er anleggseigar sitt ansvar, ekstra arbeid på private anlegg vil bli fakturert til anleggseigar.

Målgruppe for tenesta

Husstandar, hytter, bedrifter og institusjonar med enkeltanlegg.

Slik får du tenesta

Abonnent blir oppretta i samband med søknad om utsleppsløyve. Kontakt teknisk avdeling for nærare informasjon.

Lovgrunnlag

Forskrift om avgrensing av forureining (av 01.06.2004).

Rett til å klage

Uregelmessige forhald kan varslast til teknisk kontor. Utanom normalarbeidstida, ta kontakt med teknisk vakt.

Dette kan du vente av oss

  • Tenesta blir på vegne av kommunen utført av privat septikrenovatør.
  • Det blir utført tømming av slamavskiljar kvart 2. år og tette tankar kvart år for bustadar og fritidshus.
  • Ekstra tømming kan bestillast ut frå behov.
  • Tømming av anlegg for bedrifter blir utført etter bestilling.

Dette venter vi av deg

God tilgjenge til avlaupsanlegget for septiktømming, med køyresterkt underlag for tung bil.

 

Blå G-miljølastebil - Klikk for stort bilde G-miljø

Kontakt

G-miljø

Vakttelefon 24/7: 61 29 60 00