Vassforsyning

Vassforsyning frå kommunale vassverk for Fossbergom, Garmo, Galdesand, Leirmo og Hamrom.

Målgruppe for tenesta

Husstandar, bedrifter og institusjonar innanfor forsyningsområda.

Slik får du tenesta

Søknad om abonnement skal skje gjennom røyrleggjarføretak godkjent med ansvarsrett.

Kontakt teknisk avdeling for nærare informasjon.

Lovgrunnlag

Forskrift om vannforsyning og drikkevann, Drikkevannsforskriften (av 04.12.2001)

Lov om kommunale vass- og avlaupsgebyr i Lom kommune (av 27.09.2002).

Standard abonnementsvilkår for vatn og avlaup (Administrative og Tekniske bestemmelsar)

Rett til å klage

Svikt i vasstilførsel eller andre uregelmessige forhold kan varslast til teknisk kontor.

Utanom normalarbeidstida kan vaktsentralen kontaktast (tlf. 61219100) for å bli oversatt til teknisk vakt.

Dette kan du vente av oss

Levering av vatn innanfor krava i Drikkevassforskrifta.

Drikkevatn leveringsvilkår.

Bestemmelsar for bruk av vassmålar.

Saksbehandlingstid

Normal saksbehandlingstid innan 2 veker frå motteke søknad.

Dette ventar vi av deg

Drikkevatn leveringsvilkår.

Bestemmelsar for bruk av vassmålar.

Kontakt

Teknisk Vakt
Feilmelding vatn og avlaup, Brøyting/strøing av veg
Mobil 971 53 580