Oppvekst 2022

2022 vart eit overgangs år når det gjeld overordna leiing innan oppvekstsektoren. Herdis Kvamme Repp gjekk av med pensjon 1. februar, men har halde fast i nokre oppgåver vidare i 2022. Rektor ved Lom ungdomsskule, Lisa Kronhaug, har i tillegg fungert i dei andre oppgåvene i hennar stad fram til ny tenesteleiar oppvekst, Pål Bertil Eide, vart tilsett frå 01.12.2022. Vi ynskjer Herdis lukke til i pensjonisttilværa og takkar Lisa for å ha halde godt i arbeidet i oppvekstsektoren i overgangen.

Rektor ved Loar skule, Kari Anne Skjåk, slutta og i si stilling frå 01.12.2022. Stillinga vart lyst ut, utan at det førte til at ny rektor vart tilsett. Difor vart Stian Fagerli konstituert som rektor og Ingrid Valdvik som inspektør frå 01.12.2022 og fram til ein får tilsett ny rektor ved skulen. Vi opplev at det vart ei god løysing. Vi ynskjer og Kari Anne lukke til i ny stilling som prosjektleiar i Skjåk.

I april fekk vi og tilsett ein etterlengta ungdomskonsulent med oppgåve å få i stand aktivitetstilbod for ungdom på fritida, samt koordinere i tverrfagleg samarbeid kring ungdom. I den korte tida han har vore her har det kome på plass både ungdomsklubb og andre møteplassar.

Det skjer veldig mykje positivt for barn og unge i Lom. Sjå bilete og les meir om høgdepunkta frå 2022 i presentasjonane frå kvar enkelt verksemd under:

I 2022 inviterte kommunen Frys film til å ta pulsen på ein god dag på arbeid for Lom kommune. Garmo barnehage var ei av avdelingane som vart intervjua. Sjå filmen.

Oss i Lom