Om Lom kommune

Lom kommune ligg i Ottadalen i Oppland fylke og grensar i nord til Skjåk og Lesja, i aust til Vågå, i sør til Vang, og i vest til Luster i Sogn og Fjordane. Kommunen har sine noverande grenser frå 1866, då Skjåk vart skilt ut som eigen kommune.
Administrerande senter i kommunen er Fossbergom, òg kalla fjellbygda Lom dette ligg 382 moh. Lokalavisa er Fjuken, som òg dekkjer dei to andre kommunane i Ottadalen.
Fossbergom sett frå lufta - Klikk for stort bilde

Geografi

Mesteparten av arealet i Lom er snaufjell og brear der over 90% av arealet ligg over 900 moh. Innan kommunen ligg meir enn halvparten av Jotunheimen nasjonalpark og båe dei to høgaste fjelltoppane i Noreg, Galdhøpiggen på 2469 moh. og Glittertind, som er fast fjell på 2452 moh. med ein isbre på toppen. Gjennom fjellområda i kommunen går to dalføre, Ottadalen og Bøverdalen. Desse to dalane møtest ved tettstaden Fossbergom,  382 meter over havet. Folk bur for det meste langsmed sørsida av Ottadalen. Andre busette område i kommunen er Lia, Garmo og Bøverdalen.

Næringsliv

Den viktigaste enkeltnæringa i Lom er jord- og skogbruk. Grunna det turre klimaet må bøndene bruke vatningsanlegg. Lom har den norske rekorden for minst nedbør i laupet av eitt år, 130 mm i 1911. Turisme er ei viktig næring takk vere plasseringa mellom fjellområde, med ei rekkje hotell og turisthytter både i Fossbergom og oppover i Bøverdalen. Fleire naturområde i Lom er verna, mellom andre delane av kommunen som ligg innanfor nasjonalparkane Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen, i tillegg til tre mindre naturreservat.

Samferdsel

Dei viktigaste ferdselsårane gjennom Lom er Rv15 (heilårsvegen Otta-Måløy over Strynefjell) og Fv55 (Sognefjellsvegen) frå Fossbergom gjennom Bøverdalen og Leirdalen gjennom Leikanger til Vadheim i Høyanger. Det er òg samband med ekspressbuss til m.a. Bergen, Trondheim og Oslo.

Kultur

Lom har fleire minne frå eldre kultur, m.a. Lom stavkyrkje. Garmo kyrkje vart riven i 1880 og atterreist på Maihaugen på Lillehammer som del av De Sandvigske samlinger. På Fossbergom Steinsenterer det samlingar av stein frå heile verda, særleg mange mineral frå Jotunheimen. Norsk fjellmuseum opna i 1994. Lom bygdemuseum er ein del av det konsoliderte Museet i Nord-Gudbrandsdalen og har fleire bygningar, m.a. Tor-Jonsson stugu, der diktaren voks opp. Ein minnestein er reist ved Hamsunstugu på Garmo, som er fødestaden til Knut Hamsun. Annakvart år vert litteraturfestivalen Diktardagar arrangert.

 

Kjelde: wikipedia.org
 

Kontakt

Lom Kommune
Telefon 61 21 73 00

Sognefjellsvegen 6

2686 LOM

Orgnr.: 959377677

  • Kommunenr. 0514
  • Fylke: Oppland
  • Areal: 1969 km2
    • Land: 1900 km2
    • Vatn: 69 km2
  • folketal: 2331(pr. 01.01.2018)