Helsestasjon for barn

Helsestasjon for barn arkivfoto - Klikk for stort bildeHelsestasjon for barn arkivfoto

Helsestasjonen gjev eit gratis helsetilbod til alle barn i alderen 0-5 år. Tenesta ynskjer å støtte føresette i foreldrerolla. Alle får tilbod om heimebesøk innan to veker etter heimkomst frå barselavdelinga. Helsesyster tek kontakt via telefon så fort fødselsmeldinga er komen, og da blir det gjort avtale om heimebesøk.

Helsestasjonsprogrammet 0-5 år

Alder Aktivitet
Alder Aktivitet
1-2 veker: heimebesøk til nyfødt ved helsesyster
6 veker individuell konsultasjon med helsesyster og lege, vaksine
8 veker individuell konsultasjon med mor: samtale om psykisk helse
3 mnd: individuell konsultasjon med helsesyster, vaksiner
4 mnd: individuell konsultasjon med helsesyster og fysioterapeut
5 mnd: individuell konsultasjon ved helsesyster, vaksine
6 mnd: individuell konsultasjon ved helsesyster og lege
8 mnd: individuell konsultasjon ved helsesyster
10 mnd: individuell konsultasjon ved helsesyster
12 mnd: individuell konsultasjon ved helsesyster og lege, vaksine
15 mnd: individuell konsultasjon ved helsesyster, vaksine
18 mnd: individuell konsultasjon ved helsesyster
2 år: individuell konsultasjon ved helsesyster og lege
4 år: individuell konsultasjon ved helsesyster og motorisk gruppe med fysioterapeut i barnehagen
5 år: individuell konsultasjon (førskule) ved helsesyster og lege

 

Gruppetilbod:

  • Barselgruppe etter fødsel 
  • Cos-p foreldrerettleiingskurs haust og vår
  • Fyrstehjelpskurs i løpet av fyrste leveår

Målgruppe for tenesta

  • Barn frå 0-5 år som bur eller oppheld seg i kommunen. Føresette har ansvar for at barn får dekt sine behov for omsorg, og tett samarbeid med føresette er viktig for tenesta.

Slik får du tenesta

  • Tenesta er eit tilbod som du får ved å ta kontakt med helsestasjon eller skulehelsetenesta. Når barn flytter til Lom, får tenesta oversendt helsekort når foreldre ber om dette frå den førre helsestasjonen. Foreldre til nyfødt blir kontakta så fort som mogleg etter heimkomst og når fødselsmelding frå sjukehuset har kome.

 

Lovgrunnlag

  • Tenesta er lovpålagt.
  • - Folkehelselova (sjå lenkeboks til høgre på sida)
  • - Helse- og omsorgstjenesteloven (sjå lenkeboksen til høgre)
  • - Forskrift om kommunen si helsefremmande og førebyggande arbeid i helsestasjon- og skulehelsetenesta.
  • - Veileder IS-1154 til forskrift.
  • - Helsepersonelloven.
  • - Pasientrettighetsloven.

Rett til å klage

  • Klage på tenesta kan sendast leiar for Helse- og velferd, Lom kommune, Sognefjellsvegen 6, 2686 LOM

Kontakt

Stine Brenna
Helsesyster
Mobil 976 67 746
Liv Marie Øyjordet
Leiande helsesyster
Mobil 976 67 747