Renovasjon

Lom kommune er med i Nord-Gudbrandsdal Renovasjonsselskap (NGR).

Abonnentane blir oppmoda om å sortere avfallet mest mogleg, og nytte seg av moglegheitene for levering til miljøstasjonen. Informasjon om sortert avfall som kan leverast gratis og mot betaling på miljøstasjonen, finn ein i hentekalenderen eller på orienteringstavle på miljøstasjonen. 

Høg grad av sortering gjev mindre restavfall, det vil seie mindre kostnadar som i neste omgang kjem deg til gode.

Fritidseigedomar som ligg inntil henterute for avfall kan ta kontakt med kommunen for å få utlevert sekkar jfr. § 10 i forskrift for kommunal revisjon

Ekstra rull med sekkar får du kjøpt i servicetorget på Midtgard.

Målgruppe for tenesta

Eigarar/bebuarar på eigedom i Lom kommune (privateigedomar eller bedrifter) er omfatta av kommunal renovasjonsordning.

Kvar skal avfall leverast? 

  • Sekkeabonnentar (heilårsbustadar og fritidshus/hytter der det ikkje er utplassert oppsamlingscontainer) plasserar sekkar (restavfall og plast) ved veg som blir trafikkert av henterute. 
  • Sekk/dunk må settast ut innan kl. 07:00 hentedagen. 
  • Plasser sekk/dunk lett synleg, og utan hindringar for renovatøren. 
  • Henteavstand er maks 10 meter frå veg som henteruta køyrer. For henting av sekk utover denne avstanden gjeld særskilte tilleggssatsar.
  • Eigarar av fritidshus/hytter/setrer som ligg i område med utplassert oppsamlingscontainar, leverar avfallet til denne.
  • Sekk som ikkje er av godkjent type (sekk med logo frå NGR) blir ikkje teke med av henteruta.
  • Papir, papp og kartong kan leverast på miljøstasjonen eller til utplasserte containarar. I Lom finn du containarar på Galdesand, Lom sentrum (Kiwi og Coop), i Garmo og i Lia ved ljosløypa.  

Bedrifter er ikkje pålagt å nytte den kommunale renovasjonsordninga, men kan tinge abonnement direkte frå NGR, eller få sekkeabonnement gjennom kommunen etter nærare avtale med NGR.

Lovgrunnlag

  • Lov av 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forureining og om avfall kap. 5, med endring i lov av 11. april 2003.
  • Forskrift for kommunal renovasjon, Skjåk, Lom, Vågå, Sel, Dovre og Lesja kommunar - FOR 2009-10-12 nr. 1467 gjeldande 01.01.2010.

Rett til å klage

Abonnentar som vil klage i samband med renovasjonsordninga sender denne skriftleg til Lom kommune, Sognefjellsvegen 6, 2686 LOM.

Bedriftsabonnentar sender klage direkte til NGR.

Dette kan du vente av oss

  • Henting og forsvarleg vidaresending av avfall i godkjent sekk i medhald av hentekalender.
  • Henting av returpapir og papp frå hushaldningar i medhald av hentekalender. 
  • Nyregistrering eller endring av renovasjonsabonnement. 
  • Behandling av eventuell søknad om gebyrfritak.

Saksbehandlingstid

Det er fortløpande handsaming av saker som gjeld renovasjon.

Dette ventar vi av deg

  • God sortering av avfall slik at fraksjonane på enklaste måte kan vidaresendast til godkjent mottak.
  • Levering av avfall i godkjent sekk til fast leveringsstad. Restavfall skal fyllast til maks 20 cm frå toppen, og kan ikkje vere meir enn 20 kg tung. Sekkar med plast skal knytast med dobbelknute. 
  • Sekkar som står utanfor stativ må vere knytt eller banda i toppen. 
  • Abonnent er sjølv ansvarleg for å sikre sekken mot "angrep" frå fugl og dyr.

Adresse

Lom miljøstasjon

Liavegen 44, 2686 Lom

Opningstid:

Torsdagar mellom kl.1200 – 1800. 

Kontakt: 975 54 744

 

Kontaktperson i NGR for innsamlingsrutene i Lom, Skjåk og Vågå:
Alf Rune Melby
Telefon: 415 34 880
E-post: alf.rune.melby@ngr.no