Ekstraordinært driftstilskot til landbruksnæringa

På grunn av den ekstraordinære prisstiginga på gjødsel det siste året, har Lom kommune sett av midlar slik at landbruksnæringa i kommunen kan søkje tilskot til innkjøp av gjødsel for vekstsesongen 2022. Søknadsfrist: 20. mai 2022. 

Retningsliner for tildeling av tilskot

  • Alle føretak som har fått utbetalt produksjonstilskot i februar 2022 kan søkje om kommunalt tilskot.
  • Grunnlag for tildeling av kommunalt tilskot vil vere omsøkt areal fulldyrka og overflatedyrka jord som vart lagt til grunn ved søknad om produksjonstilskot. Gjødselsplan skal også leggjast til grunn.
  • Kostnader til kjøp av kunstgjødsel for perioden 01.12.2021 - 20.05.2022 skal dokumenterast med kopi av faktura eller ordre.
  • Tilskotet vert gjeve som eingongstøtte. Det kan tildelast støtte på inntil 25.000 kr. pr. føretak. (PS: sum vart endra frå 50.000 til 25.000 den 3. mai. Vi hadde beklagelegvis skreve feil til å byrje med.)
  • Søknadsfrist er 20.05.2022.
  • Alle søknadane blir vurdert samla etter utløp av søknadsfristen.
  • Jamfør kommunestyrevedtak blir søknadane behandla administrativt i tråd med retningslinene.

Søknad

  • Søknad og dokumentasjon skal sendast inn per e-post til post@lom.kommune.no 
  • Merk e-posten med Søknad om driftstilskot til landbruk

 

 

Har du spørsmål, ta kontakt med Lom og Skjåk landbrukskontor:

Kristin Smågård
kristin.smagard@skjaak.kommune.no / 932 29 458

Erling Dagsgard 
erling.dagsgard@skjaak.kommune.no909 99 496