Barneverntenesta treng fleire fritidskontaktar

Barneverntenesta for kommunane Sel, Vågå, Lom og Skjåk har behov for fritidskontaktar til fleire ungdommar frå ungdomsskulealder og oppover.

Det er ynskjeleg at fritidskontaktane har utdanning eller erfaring med barn og unge, men ikkje eit krav. Det er også positivt dersom du er glad i fysisk aktivitet.

Oppdraget vil vere å bidra til ei positiv fritid for ungdommane, og arbeidstida vil i all hovudsak bli på kveldstid på vekedagar.

Det er stilt krav om politiattest. Fritidskontaktane vil få oppfølging av sakshandsamar i barneverntenesta.

Dersom du har spørsmål til dette, eller det kan vere aktuelt for deg, ta kontakt med sakshandsamar i barneverntenesta Marit Løkken Sanden på tlf.nr.: 910 08 072 eller e-post: marit.loekken.sanden@sel.kommune.no