Helgestillingar ved pleie- og omsorgsavdelinga i Lom

Er du nysgjerrig på helsefaget? Eller vil du kanskje jobbe litt ved sidan av anna utdanning? Da kan dette vere noko for deg!

Pleie og omsorgsavdelinga i Lom kommune søkjer etter helsefagarbeidar/omsorgsarbeidar/pleieassistent med arbeidsplass nå for tida ved Lom Helseheim. Hovudsakeleg på helg, men vakter midt i veka kan også vere aktuelt.

Vi oppmodar studentar til å søkje, både gutar og jenter. Å jobbe på ein helseinstitusjon gjev god erfaring seinare i livet same kva yrkesveg ein vel å gå.  

Aktuelle arbeidsoppgåver

  • Heilhetleg oppfølging av pasientar i institusjon heile døgnet , -herunder utføring av ulike prosedyrer knytt til oppfølging og behandling
  • Målretta miljøarbeid/personsentrert omsorg
  • Følgje rutiner i avdelinga og bidra til forbetringsarbeid
  • Sikring av god kommunikasjon og samhandling
  • Bruk av velferdsteknologi som ein naturleg del av tenesta
  • Tett samarbeid med andre tilsette, samt pårørande
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonskrav

  • offentleg godkjend helsefagarbeidar/omsorgsarbeidar
  • evt. relevant vidareutdanning og/eller erfaring 
  • personar som har interesse for fag og fagutvikling
  • personar med interesse for eldreomsorg
  • gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg

Vi legg vekt på at du

  • er personleg eigna for stillinga 
  • har evne til å samarbeide med kollegaer og tverrfagleg team, jobbe sjølvstendig, er strukturert og målretta
  • har gode evner i kommunikasjon med pasientar, pårørande og kollegaer
  • har vilje og evne til å lære
  • er med på å skape eit godt og trygt arbeidsmiljø

Vi tilbyr 

  • Fagleg spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Nettbaserte kursløysingar med mellom anna introduksjon i omsorgsfaget
  • Høgt fagleg nivå på tenestene
  • Dyktige og engasjerte kollegaer
  • Du får moglegheit til å arbeide på ein institusjon i utvikling med fokus på mellom anna velferdsteknologi

Er dette noko for deg?

Send inn ein søknad!

Ynskjer du å vite meir om stillinga, så ikkje nøl med å ta kontakt med avdelingsleiar Guro Einbu eller avdelingssjukepleiar Kristin Husom. 

Kontaktinformasjon

Avdelingsleiar Guro Einbu: telefon 404 37 941 / e-post guro.einbu@lom.kommune.no

Avdelingssjukepleiar Kristin Husom: telefon 488 96 477 / E-post kristin.husom@lom.kommune.no

  • Kommunale tilsetjingsvilkår
  • Namn på søkjarar vil bli gjort offentleg.
Lom helseheim sett frå lufta - Klikk for stort bildeLom helseheim sett frå lufta Ola Ø Rossehaug

Kontakt

Guro Einbu
Avdelingsleiar institusjon
Mobil 404 37 941
Kristin Husom
Avdelingssjukepleiar
Mobil 488 96 477