Kunne du tenkje deg å vere badevakt?

I samarbeid med Lom IL ynskjer Lom kommune å starte opp att med folkabading i bassenget i Utgard. For å få til dette, treng vi nokon som vil vere badevakt.


Vi gjer nå eit nytt forsøk på å få tak i badevakter. Badevakta skal vere til stades når det er folkebading i Utgard, saman med friviljuge frå Lom IL. Kor mange vaktar ein må ta på seg gjennom året, vil variere ut frå kor mange som meldar seg.

Kunne du tenkje deg å vere badevakt?
Lom kommune vil arrangere gratis livredningskurs for dei som meldar seg som badevakt, men ikkje har livredningskurs frå før. Nedanfor finn du eit skjema der du kan melde deg som interessert.

Du kan også melde deg som badevakt dersom du allereie har gyldig livredningskurs.

Dei som blir med på livredningskurs arrangert av kommunen må kunne stille som badevakt på folkebading i Utgard.

Badevakter vil bli lønna etter gjeldande timesatsar.

Ta kontakt med Marit Rolstad på marit.rolstad@lom.kommune.no dersom du har nokre spørsmål.