Beredskapsråd

Beredskapsrådet er eit samarbeidsorgan mellom kommunale og statlege styresmakter, privat næringsliv og friviljuge lag og organisasjonar.

Kommunestyret oppnevner dei faste medlemane til beredskapsrådet. Ordføraren kan, som rådet sin leiar, invitere andre samarbeidspartnarar ved behov og informere kommunestyret når det er behov for å endre samansetting.

Lom kommune sitt beredskapsråd har årvisse møte som eit minimum, elles etter behov. 

Beredskapsrådet i Lom kommune har fylgjande faste medlemmar:

  • Ordførar (leiar)
  • Administrasjonssjef 
  • Kommunalsjef helse og omsorg
  • Kommunalsjef samfunnsutvikling og kultur
  • Kommunelege I
  • Brannsjef
  • Politikontakt
  • Representant frå Sivilforsvaret (leiar av lokal FIG)
  • Områdesjef Heimevernet
  • Representant frå Fjellnett
  • Representant frå Røde Kors