Varsling24

Lom kommune har teke i bruk Varsling24, for å varsle innbyggarar i eit geografisk område om hendingar via SMS. 

Varsling24 varslar via SMS, e-post og talemelding til fasttelefon.

Når blir systemet brukt?

Kommunen informerar innbyggarar digitalt ved hendingar der dette er føremålstenleg. Det kan vere ved vassavstenging, stengte vegar, evakuering, generelle servicemeldingar eller andre forhold som krev rask informasjon.

 

Korleis finn vi deg?

Det blir nytta tre ulike registre for å nå ut med informasjon til deg:

  1. Privatpersonar:
    Kontaktinformasjon blir henta frå Kontakt- og reservasjonsregisteret til Digitaliseringsdirektoratet. Vi anbefaler deg å legge inn ditt mobiltelefonnummer og di e-postadresse i dette felles nasjonale kontaktregisteret. Dersom det er behov for å gje beskjedar frå det offentlege nyttar somregel dei kontaktinformasjonen frå dette registeret, til dømes gjeldande sjølvmelding. Oppdatering gjer du her.
     
  2. Bedrifter:
    Ved varsling av bedrifter blir bedrifta som tilhøyrer adressa varsla med bakgrunn i oppføring i Enhetsregisteret. Kontaktdata for bedrifter blir henta frå Digitaliseringsdirektoratet / (Altinn). Bedrifter med fleire adresser bør registrere desse som underenhet hjå Brønnøysundregistret.
     
  3. Tilleggsregister:
    Tilleggsregister kan du nytte dersom du ynskjer å motta varsel for ei bedrift eller for ei adresse som du ikkje er registrert med bustadsadresse på.

 

Får du ikkje varsling?

Det kan væra fleire årsaker til at du ikkje har motteke varsel:

  • Har du reservert deg for nummervisning? I tilfelle får ikkje systemet vårt tak i nummeret ditt.
  • Har du reservert deg for oppføring i registeret til 1881 vil me ikkje nå deg på SMS
  • Har du jobb-telefon? Dersom du har mobiltelefon som er registrert på arbeidsgivar og ikkje på di heime adressa, vil me ikkje kunna nå deg på SMS.
  • Har du flytta? Dersom du ikkje har meldt flytting til ny adressa, vil me ikkje nå deg.

Varslar me i eit område som du for eksempel har fritidsbustad, men bur ein anna plass, vil du ikkje motta varsel om me varslar i området rundt fritidsbustaden.

I alle desse tilfella kan dette løysast ved at du koplar opp dine kontaktopplysningar med eigedomen/ane du eig. Denne oppføringa er manuell og du må vedlikehalda denne oppføringa sjølv.

Registrer deg her.

For at du skal kunna få viktige brev og påminningar frå stat og kommune tilsendt digitalt, må du væra oppført med e-postadresse og/eller mobilnummer i det nasjonale kontakt- og reservasjonsregisteret. Du legg sjølv inn kontaktopplysningane dine i registeret. Det er berre stat og kommune som kan bruka opplysningane du har lagt inn.

Oppdater kontaktinformasjonen din 
Dersom du har logga inn på ei offentleg teneste med for eksempel MinID, har du samstundes registrert kontaktinformasjonen din i kontaktregisteret. Logg inn for å sjekke og oppdatere mobilnummeret og e-postadressa di: https://www.norge.no/nb/oppdater-kontaktinformasjon

 

Kva kan du gjere?

Oppdater dine opplysningar og meld alltid flytting til Folkeregisteret.

Bur du ein annan stad enn der du er folkeregistrert kan du registrere ditt telefonnummer på di adresse i Tilleggsregisteret. Hugs å endre dersom du flytter. Tilleggsregisteret er
konfidensielt og blir berre nytta av di kommune.

Registrer ditt telefonnummer i kommunens tilleggsregister her:
Velg Tilleggsoppføring – Legg til ditt telefonnummer (velg Privat)

 

Sårbare verksemder

Vårt Tilleggsregister knyt kontaktpersonar til verksemder med telefonnummer.
Kontaktpersonen vil motta varsel på SMS dersom SMS blir sendt frå kommunen.

Sårbare verksemder er bedrifter som er avhengig av vatn for å drive si verksemd.
Eksempel:
            Sjukehus og medisinske senter
            Alders- og sjukeheim
            Legar og tannlegar
            Barnehagar og skular
            Næringsmiddelprodusentar
            Restaurantar og kafear

Registrer di verksemd i kommunens Tilleggsregister:
Velg Tilleggsoppføring – Legg til ditt telefonnummer (velg Bedrift)

 

Lurar du på noko meir? Sjå ofte stilte spørsmål.