Barnevernet

Barneverntenesta skal vere ein garanti for at alle barn og unge er sikra omsorg, tryggleik og utviklingsmoglegheiter. Barnevernet har som si spesielle oppgåve å ta vare på dei mest utsette barna. Barnevernet skal beskytte barn mot omssorgssvikt og motverke at barn lid fysisk og psykisk overlast. 

 

   

Barneverntenesta kan kontaktast døgnet rundt på tlf 908 54 475
Nord-Gudbrandsdal barnevernberedskap er alltid bemanna med barnevernfagleg kompetanse og har til oppgåve å bistå barn, unge og familiar i akutte situasjonar. Hovedoppgåva er å sikre at barn og ungdom har det trygt. 

Barneverntenesta

- ei interkommunal teneste for Sel, Lom, Skjåk og Vågå

Oppgåvene til Barneverntenesta er å ta vare på barn som er utsett, og å sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid.

Tenesta har tilgang på lokale i Lom, Skjåk og Vågå. I Vågå vil det vere fast bemanning kvar onsdag, i Skjåk kvar tysdag og i Lom kvar fredag. Hovudkontoret er på Otta og leiar for tenesta er Kristin Kalbakk. 

Samarbeid og organiserig av tenesta

Barneverntenesta heiter «Barnevernstjenesten for kommunene Sel, Vågå, Lom og Skjåk». Samarbeidet er organisert som eit administrativt vertskommunesamarbeid med Sel kommune som vertskommune for kommunane Vågå, Lom og Skjåk, forankra i kommunelovens § 28-1.b. Tenesta er operativ frå 1. april 2019.

Føremålet med samarbeidet er å samordne tenesta i kommunane for å styrke og utvikle ei robust barnevernsteneste og gje meir spesialiserte og fleire tenester til innbyggjarane.

Barnevernet vil leggje til rette for å unngå skifte av kontaktpersonar i dei ulike kommunene så langt det let seg gjere.  

Skjema

Sel kommune si heimeside finn du skjema for å sende inn bekymringsmelding. Det er og mogleg å skrive ei melding utan dette skjemaet, eventuelt ved å ta kontakt på telefon. (Sjå kontaktinformasjon under).

Kontakt oss

Ei oversikt over dei tilsette med kontaktinformasjon.

Artikkelliste

Opningstider

Det er fast bemanning i: 

Skjåk: tysdagar
Vågå: onsdagar
Lom: fredagar

Sel: Hovudkontoret Otta: mån-fre
kl 08:00-15:30

Besøksadresse: Ola Dahls gate 3B, 2670 Otta