Miljøarbeidartenesta

Miljøarbeidartenesta gjev praktisk hjelp og opplæring til personar med funksjonshemmingar.

Du som mottek tenesta får praktisk bistand og/eller opplæring heime. Tenesta skal kompensere for nedsett evne til å ta i vare eiga omsorg og greie daglege gjeremål. Basisen i arbeidet er målretta miljøarbeid. Det vil seie hjelp til sjølvhjelp. Målsettinga er at personar med samansette hjelpebehov skal ha gode levekår og høg livskvalitet. Brukarmedverknad, sjølvstendiggjering, aktivisering og sosial deltaking vektleggast.

Målgruppe for tenesta

Søkjar som har eit særleg hjelpebehov på grunn av funksjonshemming, der det er nødvendig med god tilrettelegging av dagleglivet sine aktivitetar og fritid. Tenesta vert gjeve uavhengig av buform.

Slik får du tenesta

Ta kontakt med Lom og Skjåk tildelingskontor. Hjå dei får du eit eige søknadsskjema som du fyller ut og sender i retur til tildelingskontoret. 

Pris

Tenester som er opplæring, eller fyrst og fremst gjeld hjelp til personleg omsorg og hygiene, er gratis.

Praktisk hjelp til reingjering av heimen, stell av klede m.m. som ikkje er knytt til opplæring, er å sjå på som heimehjelpsrelatere oppgåver, og dei kommunale vederlagsatsane for heimehjelp gjeld.

Lovgrunnlag

  • Tildeling av miljøarbeidarteneste etter Lov om helse- og omsorgstjenester § 3-2, pkt 6, bokstav b, jfr § 3-1. 
  • Forvaltningsloven
  • Helsepersonelloven
  • Pasient- og brukerrettighetsloven

Rett til å klage

Det er mogleg å klage på vedtaket, jmf. Forvaltningslova § 28. Rett klageinstans er Fylkeslegen i Oppland. Klaga skal sendast til Lom og Skjåk tildelingskontor innan 3 veker frå vedtaket er motteke. Lom og Skjåk tildelingskontor kan hjelpe deg med å skrive klaga.

Kontakt

Miljøarbeidartenesta

Krokamyre: 917 27 430 / 911 95 874

Kroken: 474 82 667

Treningsbustad: 474 84 124

Arbeidssenteret Eggjalia: 948 38 925

Ann Kathrin Flækøy
Avdelingsleiar miljøarbeidartenesta
Mobil 474 53 241