Tidleg innsatsteam

Tidleg innsatsteam består av ergoterapeut og saksbehandlar frå tildelingskontoret, samt andre samarbeidspartnarar ved behov. Deira oppgåve er å kartlegge kva som er viktig i din kvardag, og kva som skal til for at du skal vere mest mogleg sjølvhjulpen. 

Tidleg innsatsteam

Teamet består av ergoterapeut og saksbehandlar frå tildelingskontoret, og andre samarbeidspartar ved behov.

Kva gjer vi?

Innsatsteamet kjem heim til deg og kartlegg kva som er viktig i din kvardag, og kva som skal til for at du skal vere mest mogleg sjølvhjulpen. 

Kven er Tidleg innsatsteam for?

For deg som bur heime og: 

  • er i risiko for å utvikle funksjonsfall
  • kjem heim att etter sjukehusopphald, rehabilitering eller kortvarige sjukeheimsopphald
  • har opplevd endring i livssituasjon
  • har behov for ei teneste frå kommunen (til dømes praktisk bistand i heimen, tryggleiksalarm, rullator, matombringing)

Korleis kome i kontakt med oss?

Du kan sjølv ta kontakt med Lom og Skjåk tildelingskontor. Pårørande, fastlege og anna helsepersonell kan også ta kontakt på vegne av deg.

Ved spørsmål hendvend deg til koordinator/ergoterapeut Ina Steen Kartfjord (tlf. 911 637 18) eller Lom og Skjåk tildelingskontor (tlf. 948 48 724)

Rønnaug Nyrnes

Kontakt

Ina Steen Kartfjord
Ergoterapeut
Mobil 911 63 718
Tildelingskontoret Lom og Skjåk
Mobil 948 48 724