Bøverdal kyrkje

I 1864 stod den 8-kanta trekyrkja i Bøverdalen ferdig. Ei uvanleg form på ei kyrkje i Gudbrandsdalen. Preikestolen og altaret kjem nærare kyrkjelyden og gjer gudstenesta meir nær og triveleg.

Historie

Den fyrste kyrkja i Bøverdalen vart bygd på Uppigard Galde. Kyrkja vart tatt av flaumen. I fleire hundre år var Bøverdalen utan eiga kyrkje. Den 22. august 1864 stod endeleg den nye kyrkja i Bøverdalen ferdig. Sokneprest Aars og gardbrukar Erik Rusten arbeidde i mange år for å få igang bygginga av kyrkja. Erik Rusten teikna kyrkja og tok på seg ansvaret for bygginga. Arbeidet gjekk fort, grunnmuren vart påbegynt hausten 1862. Byggmeister Jakob Jonsen Storlien frå Dovre med arbeidarane sine bygde kyrkja. Det var solid lafting som blei utførd. Kyrkja vart kvitmåla utvendig og vart ikkje måla att før restaureringa  i 1952.

Inventar

(Sjå bilete nedst i saka)

Erik Rusten teikna altartavla og skar ut figurane på altartavla. Tavla viser Den Oppstadne, englane og dei 12 apostlane. Jo Vesleøygard var òg med og skar krullskurden og blada på altartavla. Han skar ut korbogen og.

Preikestolen med ljorhimmel er laga av Jehans Odde frå Garmo. 

Ved restaureringa i 1952 vart det laga glasmåleri til to av vindauga. Desse viser apostlane Matteus, Markus, Lukas og Johannes, kvar med sine symbol: Mennesket, løva, oksen og ørna. Under på det fyrste vindauge er det skrive:"Gud giv og oss den ros ditt ord det er vårt ljos. Guds ord det er vår fedrearv til søner skal det ganga.". Idet andre står det: "Mennesket lever ikkje berre av brød men av Guds ord. Det ord eg hev tala til dykk er ånd og liv."

Krusifikset låg på loftet ei stund, men vart tatt fram att og restaurert i 1952. Det vart da hengd opp att. Krusifikset er laga av Erik Rusten.

Dei to kyrkjeklokkene er begge støypt i 1864 av O. olsen & Søn. Begge klokkene er pynta med støypte krullar og blad. På den største klokka står det: "Vaager thi I vide ikke i hvilken time eders Herre kommer. Math. 42,24.". På den minste står det: "Kommer thi nu er alle Ting beredd. Luk. 14,17".