Kyrkjegardane

Festeavgift for grav/gravstad på kyrkjegardane i Lom kommune er frå 2019 kr. 150,- pr år pr grav. Avgifta blir kravd inn for 1 år om gongen.

Vipps
Offer: 132954
Blomefond: 533520

For gåver til blomefondet i samband med gravferder må vipps- eller bankkonto i dødsannonsane nyttast.

Vedtekter kyrkjegardane i Lom

§1 Kyrkjegardstilhøyring

Avlidne personar i kommunen skal gravleggast på den kyrkjegarden dei soknar til, dersom dei ikkje blir gravlagde i ein annan kommune.

Dette gjeld og om den avlidne på grunn av sjukdom eller alderdom har budd i eit anna sokn eller i ein annan kommune mot slutten av livet.

Utansoknsbuande kan få gravplass berre etter særskild løyve frå kyrkjeleg fellesråd og med samtykke frå kyrkjeverja mot å betale dei avgifter som til kvar tid er fastsett.

§2 Fredningstid og festetid

Fredningstida for oskeurner er 20 år. Fredningstida for kister er 20 år på Lom og Bøverdal kyrkjegardar og 30 år på Garmo kyrkjegard. Festetida er 1 år (vedtak Lom kommunestyre 2019).

§3 Feste av grav

Når kistegrav blir teke i bruk, er det høve til å feste ei grav ved sida av, og etter godkjenning frå Lom kyrkjelege fellesråd, ei ekstra grav i tillegg når det er bruk for det. Desse gravene utgjer ein gravstad.

Ved bruk av urnegrav kan ein ikkje feste grav ved sida av. Når festetida er ute, kan gravstaden festast for 5 nye år. I god tid før festetida er ute skal festaren varslast. Er festet ikkje fornya innan 6 månader, fell gravstaden attende til kyrkjegarden. Når det er gått 60 år etter siste gravlegging, kan festet ikkje fornyast utan særskild samtykke frå kyrkjeleg fellesråd

Ingen kan gravleggast i festa gravstad utan samtykke frå festaren. Dersom samtykke frå festaren ikkje kan innhentast, kan kyrkjeleg fellesråd avgjera spørsmålet om gravlegging. Festaren pliktar å melde frå om endring av adresse.

§4 Grav og gravminne

Kyrkjegardsbeteninga vil syte for planering og tilsåing av grava etter gravlegging.

Til gravminne skal det nyttast materiale som er varig og lite vedlikehaldskrevjande. Støypte artikler med unntak av støypegods i jern, metall eller legeringer er ikkje tillate.

Kyrkjeverja eller den han gjev fullmakt skal godkjenne gravminne og vera tilstades ved oppsetjing for å tilvise plassering og kontrollera fundamenteringa.

Dersom gravminne kjem i forfall, og det er til sjenanse eller fåre på kyrkjegarden, skal eigaern varslast med pålegg om å rette på dette. Dersom eigaren unnlet å etterkoma pålegget eller det er uvisst kor eigaern befinn seg, kan fellesrådet setja i verk naudsynte tiltak for å bringe gravminnet i orden, eventuelt fjerne gravminnet.

Etter at fredningstida er gått ut skal festaren syte for fjerning av gravminne frå grav som ikkje er festa.

§5 Plantefelt

Framfor gravminnet er det høve til å opparbeide eit plantefelt i høgd med bakken rundt. Plantefeltet må ikkje vera breiare enn breidda på gravminnet, men kan i alle høve vere opp til 60 cm breitt. Det kan ikkje stikke lenger fram enn 60 cm målt frå bakkanten av gravminnet.

Det kan ikkje plantast vokstrar som er høgare enn gravminnet eller går ut over plantefeltet. Det er ikkje høve til å bruke faste dekorting, så som liggjande plater, blomsterurner, lykter m.v. i plantefeltet. Lause dekorting skal fjernast etter bruk.

Det skal ikkje vera noko form for innraming av ei grav eller eit gravfeste.

Den som er ansvarleg for frigrav eller er gravfestar, har rett og plikt til å stelle den grava han har ansvaret for. Så langt midlar frå minnegaver (Blomefondet) strekk til, syter soknerådet kvart år for planting på alle graver og vedlikehald av plantefelta i veksttida.

Andre føresegner

§6

Kyrkjeleg fellesråd kan, i samråd med eigaren dersom han finst, gjera vedtak om at graver og gravutstyr skal takast vare på. I så fall overtek fellesrådet ansvaret for stell og vedlikehald.

§7

Kyrkjeleg fellesråd er ikkje ansvarleg for skader på graver og gravutstyr ved naturhendingar, herverk, tjuveri o.l. Fellesrådet er heller ikkje ansvarleg for skader som kan oppstå på graver i nærleiken, ved arbeid med ei grav, med mindre det er utvist uaktsom åtferd frå dei tilsette på kyrkjegarden.

Av omsyn til moglege skadar eller fåre under arbeid, kan dei tilsette på kyrkjegarden flytte eller leggje ned gravminne i nærleiken av ei grav som skal gravast opp eller attkastast.

§8

Kyrkjeportane skal til vanleg vere attlatne. Kyrkjegardsfreden må ikkje uroast ved leik eller anna ståk. Sykling er forbode, og hundar må ikkje takast med inn på kyrkjegarden.

Etter stell av gravene må alt avfallet fjernast eller leggjast på tilvist plass. Vatningskanner og annan reiskap som høyrer til på kyrkjegarden, skalsetjast på plass etter bruk. Vinterdekorasjonar på gravene skal eigaren syte for vert rydda vekk seinast 1. mai. Dersom særskild julepynt ikkje er vekk av eigaren, kan kyrkjegardsarbeidarane utan varsel fjerne den etter 20. januar. Det er ikkje tillate å setja levande ljos på gravene. Alle som har graver, pliktar å rette seg etter pålegg frå kyrkjeverja og kyrkjetenaren/gravaren.

Opningstider

 

Kontortid:

Måndag 10:00-14:00

Tysdag 10:00-14:00

Onsdag 10:00-14:00

Torsdag 10:00 - 14:00 

Fredag 10:00-14:00

3. høgda på Midtgard

kontonummer 2085.07.11772

Vipps

Offer 132954

Blomefond 533520 (Utanom gravferder)

For gåver til blomefondet i samband med gravferder må vipps- eller bankkonto i dødsannonsane nyttast. Dødsannonsene kan finnast på minnesida til gravferdlomogskjaak.vareminnesider.no