Kyrkje- og kyrkjegardsutval

Kyrkje-/kyrkjegardsutvala var tidlegare eitt utval ved kvar kyrkje. Frå 2016 er det eitt utval for alle tre stadane. Utvalet er sett saman av representantar frå alle tre sokna.

Kyrkje- og kyrkjegardsutval, felles for alle tre sokna:

  • Jonas Fjeld
  • Per Morten Mork
  • Lars Liulf Stee
  • Helge Husom

Kyrkjetenar er sekretær for utvalet. Utvalet uttaler seg i høve kva som bør gjerast ved dei forskjellige kyrkjene/kyrkjegardane. Av oppgåver nedfelt i mandatet skal dei:

  1. Befaring på alle tre kyrkjer/kyrkjegardar minst ein gong i året, helst tidleg på våren.
  2. Hjelpe til ved dugnadane på kyrkjegardane.
  3. Sjå til at utstyr og hjelpemiddel på kyrkjegardane er i forsvarleg stand, og melde frå til kyrkjeverja om ting det bør gjerast noko med.
  4. Elles det kyrkjetenarane ser at utvalet kan gjere - t.d. juletre til kyrkja.