Bokpakker til jul

Bokpakke til jul - Klikk for stort bildeBiblioteket ser ut til å bli stengt til over jul på grunn av at det må leggjast nytt golv etter vasslekkasjen vi hadde i haust. Vi er lei oss for dette, men tilbyr bokpakker til lånarane. Vi ordnar pakker med bøker som vi trur kan passe. Ta kontakt via facebook, messenger, e-post eller telefon. Bokpakkene kan hentast utanfor biblioteket 8-17 måndag til fredag. Du kan sjølvsagt bestille bøker sjølv også på websøket eller i andre kanalar, så får du dei bøkene du ynskjer. Det er stor pågang på bokpakker. Du får varsel når pakka di er klar.

Julehelsing frå biblioteknissane.