Dei nye klassikarane!

Klikk for stort bildeProsjektet vårt "Dei nye klassikarane" er i gang! 59 bibliotek frå Mandal i sør til Beiarn i nord har nå blitt med oss. Det synest vi er stor stas! Vi har oppretta ein nettstad til prosjektet der dei 25 nye klassikarane blir presenterte utover året: 

Moderne klassikarar. 25 nye norske

 

Klikk for stort bildePå biblioteket har vi utstillingar og oppmodar lomverar og alle andre til å bli med og lesa dei nye klassikarane i Bokåret 2019. Kanskje har du lese nokre frå før? Da får du stempel i registreringsskjemaet og er i gang. Premiar er ein signert klassikar og skråpå-tå på Brimi sæter. Iselin og Ola er med. Bli med du òg!