Edvard Hoem gjestar oss!

 Edvard Hoem gjestar oss tysdag 3. desember kl. 19.00! Dette er avslutninga på klassikar-prosjektet som bibliotek har køyrt i Bokåret 2019. Edvard Hoem les og fortel frå "Slåttekar i himmelen" og dei andre bøkene i utvandrarserien. Bibliotekarane i Lom gjev små smaksprøver på fleire av bøkene som er med i klassikar-prosjektet. Arrangementet er lagt til BrimiBue, og det blir høve til å kjøpe mat og drikke under tilstellinga. Velkomne til ein forfattarkveld av dei sjeldne!
Inngang: 150 kr
Arrangørar: Lom folkebibliotek og BrimiBue