Forfattarbesøk av Leif Ekle 16. mars

Leif Ekle, Olgas bok - Klikk for stort bildeFoto Leif Ekle: Javier Ernesto Auris Chaves - NRK Mangeårig litteraturkritikar Leif Ekle debuterer i år med romanen «Olgas bok. Et stille liv i arbeiderklassen». Onsdag 16. mars gjestar han Lom og biblioteket med boka si.

Boka er eit portrett av mora hans, Olga Engen (1926 – 2017), ei kvinne som levde eit stille liv i beskjedne kår på bygda. Olgas bok ein biografi om eit heilt alminneleg menneske frå arbeidarklassen, ei kvinne som aldri stakk seg ut. Det er også skildring av eit samfunn som gjennomgjekk enorme endringar sosialt, politisk og teknologisk.

Olga fekk sin del av prøvingar og motgang i livet. Ho møtte det med ustoppeleg pågangsmot og livsglede og gjekk heilt og fullt opp i rolla som einsleg mor. "Olgas bok" er også ein vemodig kjærleikshistorie.

Boka har fått fine omtaler. Vi har glede av å ynskje dykk velkomne til bokkveld med Leif og Olga. Enkel servering. Inngang 100 kr.

Vel møtt!

Foto Leif Ekle: Javier Ernesto Auris Chaves - NRK