Forfattarbesøk hausten 2019

Fredag 8. november 11.30 gjestar Laila Brenden biblioteket. Laila har anar frå Lom og er mest kjend for Fjellroser-serien der handlinga er lagt til Bøverdalen. Ho er ute med ny bok, denne gongen ein historisk roman, Toner fra en stille skog. På Litterær lunsj den 8. november  samtalar ho med redaktør Karen Forberg om den nye boka.  

 

Tysdag 26. november 19.00 kjem Ingar Sletten Kolloen til Lom. Ingar vil presenter den nye boka si om andre verdskrig. Dette er fyrste bind av fembindsverket Under krigen. Når han gjestar oss vil, han legge mest vekt på historiene frå Gudbrandsdalen. Ingar er ein framifrå forteljar og vi gler oss til han kjem til Lom med den nye boka. Det blir høve til spørsmål frå salen, kaffi, biteti og boksal. Arrangementet er lagt til Utgard fleirbrukshus. Utgard er også medarrangør. 

 

Tysdag 3. desember 19.00 kjem sjølvaste Edvard Hoem til bygda! Vi har vore så heldige å få med oss ein av landets mest populære forfattarar på avslutninga av klassikar-prosjektet som vi har køyrt i Bokåret 2019. Edvard Hoem er representert i prosjektet med boka Slåttekar i himmelen, den fyrste boka i utvandrar-serien. På BrimiBue vil han prate om bøkene og arbeidet med utvandrarserien. Ein heldig deltakar i klassikar-prosjektet vinn eit signert eksemplar av Slåttekar i himmelen. Dei ivrigaste lesarane av dei nye klassikarane, er også med i trekkinga av Skråpå tå for to på Brimi sæter som vi trekkjer denne kvelden.

 

Fredag 13. desember 11.30, på sjølvaste Luciadagen, gjestar Mette Vårdal oss med den nye boka si om jul og juletradisjonar. Ho pratar om arbeidet med boka, samtalar med publikum om juletradisjonar og juleminne og kanskje, kanskje blir det smaksprøver på julebakst med oppskrifter frå boka. 

 

Vi håpar å sjå mange av dykk på arrangementa våre utover hausten. Vel møtt!