Litterær lunsj med Barbro Storlien

Klikk for stort bildebARBRO sTORLIENÅrets fyrste arrangement blir Litterær lunsj med Barbro Storlien. Fredag 24. jan. 11.30 kjem ho til biblioteket for å prate om boka si "Barbro broderer. Tanker, tips og teknikker", som kom ut i fjor. Barbro er opprinneleg vågåjente. Ho er kjend som @frustorlien i sosiale medium, frå bloggen Fru Storlien, og er ikkje berre bunadtilverkar, buntmakar og leiar av Norges Husflidslag. Ho er også ein svært populær kurshaldar, og ei av dei siste i Noreg som broderer profesjonelt.

Vi kjem til å fortsette med Litterær lunsj om lag ein gong i månaden utover året. Når vi ikkje har inviterte gjestar, blir det høgtlesing med bibliotekarane. Vi bestiller god mat frå kjøkkenet på Lom helseheim. Ta matpausa di på biblioteket desse fredagane du òg!