Pengane og livet - ungdom og økonomi

Marie Thrane - Klikk for stort bilde

I morgon blir det føredrag om mat og økonomi for ungdommane på den vidaregåande skulen i Lom. Biblioteka i Lom og Skjåk har invitert føredragshaldar Marie Thrane, Ho er kjend frå tv og Instagram der ho har 41 000 følgjarar, Marie har også skrive boka Middag for 25 kroner, og vil halde føredrag for ungdommane om mat og bærekraft. Sparebank1 Lom og Skjåk deltek også med føredrag om økonomi og økonomistyring. 

Marie Thrane vil inspirere ungdommane til å lage og eta mat som er sunn og bærekraftig, men også enkel og rimeleg. Med kunnskap og matglede vil ho vise veg til bærekraftig mat, utan at det svir i lommeboka. Ho vil prate om korleis ein kan eta god og næringsrik mat som passar inn i ein bærekraftig livsstil, korleis spare pengar på mat, kvar ein bør handle, om restemat og tips til å kaste mindre mat og ho vil dele nokre oppskrifter.   

Sparebank1 Lom og Skjåk vil ta for seg korleis dei unge kan halde kontroll på eigen økonomi, ta kloke økonomiske val, om betalingsvett, sparing, inkasso, forbrukslån og digital dømmekraft. 

Pengane og livet er eit samarbeidsprosjekt som folkebiblioteka i Lom og Skjåk har køyrt i 2021 og 2022. Biblioteka har fått prosjektmiddel frå Stiftelsen Fritt Ord til prosjektet. Sparebank 1 Lom og Skjåk støttar også arrangementet i morgon, og sørgjer med det for ei flott avslutning på prosjektet. I løpet av prosjektperioden har biblioteka hatt fem tilstellingar med ulike innfallsvinklar til pengar og økonomi. Det har vore debattar, forfattarbesøk og føredrag for barn, vaksne og ungdommar. 

Vi er svært tilfredse med at Marie Thrane og Sparebank1 Lom og Skjåk avsluttar prosjektet med gode og viktige føredrag for ungdom.