UtgardUtgard er storstova i Lom. Saman med idrettsanlegget i Grov utgjer samfunnshuset den største samlingsplassen for kultur- og idrettsarrangement i Lom. Det tidlegare samfunnshuset er bygt om og bygt på i to retningar. Komplekset inneheld no kulturstugu med sal og sene, idrettshall (kan delast i 3 mindre gym.salar), kjøken, kantine, møterom, trimrom, symjehall, garderobar og skulelokale for vidaregåande skule. Utgard Ofte stilte spørsmål: Korleis kjøper eg billettar til arrangement, kino og liknande i Utgard? Utgard fleirbrukshall har eiga nettside der du finn lenke til bestilling av billettar: www.lom.no Direktelenke til eBillett Eg vil nytta meg av treningsromma i Utgard. Korleis gjer eg det? På nettstaden til Utgard www.lom.no kan du tinga treningsabonnement, sjå oversyn over fellestreningar, med meir. Kva er Utgard? Utgard er fleirbrukshallen i Lom. Her finn du idrettshall, kulturstugu, symjehall, treningsrom, med meir. Publisert avOla Ø Rossehaug Sist endret18.01.2018 15.27