Kroken bustadfelt

Ei tomt (nr.7) til sals i Kroken bustadfelt, berre 5 minutt frå Lom sentrum. Tomta er pr. no reservert, men ta kontakt dersom du kan vere interessert. Plasseringa kan vere aktuelt for deg som vil bu sentralt, men som sett pris på utsikt og lett tilgang til naturen. 

alt="" - Klikk for stort bildeKroken - tomt nr. 7 er til salgs. Ola Ø Rossehaug

Området

Tomtene ligg i eit roleg og barnevennleg område, med god tilgang til turstigar opp mot m.a. Lomseggen og Bordvassvegen. Du har gangavstand til sentrum, der du finn eit godt service- og handelstilbod. Området har god breibandsdekning (fibertilkopling). 

Barnehage, barneskule, ungdomsskule og vidaregåande skule finn du i sentrum. 

Praktisk informasjon

Lom kommune har ei tomt til sal i dette området, det er nr. 7 (som avbilda). Nummer 8 vart solgt hausten 2023. Tomt nr. 7 er reservert til ein privatperson inntil vidare, men her er det ope for alle interesserte å ta kontakt med kommunen dersom tomta er aktuell. 
Kjøpesum kr. 58 650,- og refusjon opparbeidingskostnader kr. 296 535,-

Lom kommune

Vakre Lom ligg i Nord-Gudbrandalen i Oppland Fylke, og grensar til Vågå, Skjåk, Luster, Vang og Lesja. Kommunen har eit areal på 1945 km2, og rundt 2200 innbyggjarar.
 
Lom er den mest typiske fjellkommunen i Noreg, med 135 eigne toppar og 23 grensetoppar over 2000 moh. Rundt 60% av arealet i Lom er verna  og kommunen har m.a. tre nasjonalparkar (Breheimen, Jotunheimen og Reinheimen). Sentrum fekk status som nasjonalparklandsby i 2008. Fossbergom er kjent for å vere eit triveleg handelssentrum, og har også lange tradisjonar innan reiseliv og landbruk. Heile Ottadalen er eit eldorado for deg som er glad i natur og friluftsliv, men det finst også eit godt tilbod innan kultur- og idrett. 

Kontakt

Åshild Myhre Amundsen
Næringssjef og landsbykoordinator
Telefon 975 22 977

Kontorstad: Midtgard, 3. etasje