Reguleringsplan Stallhytta massetak: Planforslag til offentleg høyring og ettersyn.

Lom formannskap gjorde 23. april 2024 i sak PS 2024/22 vedtak om å legge forslag til detaljreguleringsplan for Stallhytta massetak med planid. 34340007 ut til offentleg ettersyn og høyring.

Planområdet ligg i Leir- og Bøverdal statsallmenning inntil Veodalsvegen som er bomveg. Det har vore grustak innafor planområdet i ei årrekke som har vore avklart i kommuneplanen, men uttaket er ikkje tidlegare regulert.  Planarbeidet har bakgrunn i ønske om vidare drift og utviding av areal for masseuttak i tilknyting til vedlikehald av veganlegget. Planforslaget er utarbeidd av Felles plankontor for Lom og Skjåk kommunar.

Forslaget til detaljreguleringsplan omfattar:

1.       Planomtale

2.       Reguleringsplankart

3.       Forslag til planføresegner

4.       ROS-analyse

5.       Masseberekning

 

Desse dokumenta ligg som vedlegg til denne artikkelen, saman med sakspapir frå behandling i Samfunnsutvalet og Formannskapet (planutval). Dokumenta finn du nederst i artikkelen.

Kart og dokumenter er også tilgjengeleg på kommunens si kartinnsynsløysing. Dokumenta ligg dessutan til gjennomsyn i papirversjon på kommunen sitt servicetorg og på biblioteket.

Frist for å kome med uttaler til planforslaget er sett til  13. juni 2024
Uttalar sendast Lom kommune, Sognefjellsvegen 6, 2686 Lom, eller på e-post til: postmottak@lom.kommune.no. 
Merk uttala med sak nr. 2023/607.

Spørsmål om reguleringsplanarbeidet, kan rettast til Felles plankontor for Lom og Skjåk kommunar v/Øyvind Pedersen, tlf. 47333678 eller på e-post:  oyvind.pedersen@lom.kommune.no

 

Vedlegg:

1_RP Stallhytta Planomtale (PDF, 4 MB)

2_Plankart_RP Stallhytta (PDF, 104 kB)

3_Planføresegner RP Stallhytta (PDF, 790 kB)

4_ROS RP Stallhytta (PDF, 2 MB)

5_Masseberekning RP Stallhytta (PDF, 4 MB)

Brev høyring - RP Stallhytta (PDF, 692 kB)

Sakspapir_RP Stallhytta massetak (PDF, 930 kB)