Varsel om oppstart av planarbeid, områderegulering Lågkollen nærings- og industriområdeFormannskapet i Lom gjorde 10.06.2025 i sak PS 2025/ 38 vedtak om å starte opp arbeidet med områderegulering for Lågkollen nærings- og industriområde (planid. 34340014).Planområdet ligg øvst i Vårdalen i Garmo. Føremålet med reguleringsplanen er å etablere nytt nærings- og industriområde med tilhøyrande infrastruktur. Dette då det per i dag ikkje er att ledige næringstomter i eksisterande industrifelt i Prestøya/Gjeisarøya/Skjæsarøya. Planen skal utarbeidast av Felles plankontor forLom og Skjåk kommunar, og er tenkt endeleg handsama til sommaren 2026.Varsel om planoppstart omfattar følgjande dokument:VarselbrevSaksprotokollPlanprogramAdresselisteDesse dokumenta finn du nedst denne artikkelen.Planområdet er på om lag 253 daa, og området si avgrensing går fram av kartet under. Fleire kart, utfyllande informasjon og ei liste over kvaeigedomar som er omfatta av planarbeidet finn ein i vedlagde kopi av utsendt oppstartvarsel med tilhøyrande vedlegg. Lågkollen nærings- og industriområde. Planområdet er på omlag 253 daa.Ein kan komme med innspel til planarbeidet. Innspel kan sendast som brev til Lom kommune, Sognefjellsvegen 6, 2686 Lom - eller på e-post til post@lom.kommune.no. Frist for innspel er sett til 28.09.2025.Spørsmål om reguleringsplanen kan rettast til Felles plankontor for Lom og Skjåk kommunar ved:Øyvind Pedersen, tlf. 47 33 36 78, e-post: oyvind.pedersen@lom.kommune.no ellerTherese Moe Øye, tlf. 94 49 87 88, e-post: therese.moe.oye@lom.kommune.no Varsel om oppstart av planarbeid Tittel Publisert Type Adresseliste.pdf Adresseliste 11.08.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Adresseliste.pdf Saksprotokoll oppstart La°gkollen.pdf Saksprotokoll oppstart Lågkollen 11.08.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Saksprotokoll oppstart Lågkollen.pdf Melding om oppstart av planarbeid for La°gkollen nærings- og industriomra°de - med planprogram for konsekvensutgreiing.pdf Varselbrev 11.08.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Melding om oppstart av planarbeid for Lågkollen nærings- og industriområde - med planprogram for konsekvensutgreiing.pdf RP La°gkollen Planprogram 20250807.pdf Planprogram 11.08.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned RP Lågkollen Planprogram 20250807.pdf Publisert 11.08.2025 15.02
Landbruket må høgde brannberedskapen Pressemelding fra Landbrukets brannvernkomité : Landbruket må høyne brannberedskapenSituasjonen er nå så ekstrem over store deler av landet at bønder ...
Tørke og grovfôrsituasjonen Ordførar inviterar saman med landbrukskontoret og faglaga til informasjon og dugnadsmøte med gardbrukarane tysdag 31.07 kl 10.00 på kommunestyresalen. ...
Tørkesommaren 2018 - Krevjande situasjon i landbruket! Den langvarige tørkeperioda og varmt vêr har ført til at mange bønder opplever ei krevjande situasjon med fôrmangel. Situasjonen er så spesiell at Lan...
Monsen og NRK på besøk i Jotunheimen Bli med Monsen minutt for minutt i Jotunheimen! Starten går frå Bøverton onsdag den 18. juli. Om kvelden er det innspeling av NRK Sommeråpent på Sogne...
Lom og Skjåk barnevernteneste søkjer etter besøksheim Besøksheim, som også kan kallast avlastningsheim, er eit friviljug hjelpetiltak og ei støtte til familiar med særleg tyngande omsorgsoppgåver.
Leige eller kjøpe leiligheit? Dette er ei uforpliktande undersøking der målet er å få kartlagt om det er marknad for å leige/kjøpe leilighitar i kommunale bygg. Det aktuelle bygget ...
Fortsatt totalforbod mot bruk av open eld! Vi har over lengre tid hatt tørt og varmt vær, og regnet lar vente på seg. Utifrå dette ynskjer brannvesenet å presisera at skogbrannfara er meget sto...
Felles ordning med personvernombod for Vågå, Lom og Skjåk kommunar Stortinget vedtok i mai 2018 ei ny personopplysningslov som gjennomfører EU si personvernforordning (GDPR) i Norge.Justis- og beredskapsdepartementet ...