Reguleringsplan Omondjordet massetak: Planforslag til offentleg høyring og ettersyn.

Lom formannskap gjorde 23. april 2024 i sak PS 2024/23 vedtak om å legge forslag til detaljreguleringsplan for Omondjordet massetak med planid. 34340006 ut til offentleg ettersyn og høyring.

Planområdet ligg inntil og omfattar ein del av Meadalsvegen som er privat bomveg. Det har vore grustak innafor planområdet i ei årrekke som har vore avklart i kommuneplanen, men uttaket er ikkje tidlegare regulert.  Planarbeidet har bakgrunn i ønske om vidare drift og utviding av areal for masseuttak i tilknyting til vedlikehald av veganlegget Meadalsvegen. Planforslaget er utarbeidd av Felles plankontor for Lom og Skjåk kommunar.

 

Forslaget til detaljreguleringsplan omfattar:

1.       Planomtale

2.       Reguleringsplankart

3.       Forslag til planføresegner

4.       ROS-analyse

5.       Masseberekning

 

Desse dokumenta ligg som vedlegg til denne artikkelen, saman med sakspapir frå behandling i Samfunnsutvalet og Formannskapet (planutval). Dokumenta ligg nederst i artikkelen

Kart og dokumenter er også tilgjengeleg på kommunens si kartinnsynsløysing. Dokumenta ligg dessutan til gjennomsyn i papirversjon på kommunen sitt servicetorg og på biblioteket.

 

Frist for å kome med uttaler til planforslaget er sett til  13. juni 2024

Uttalar sendast Lom kommune, Sognefjellsvegen 6, 2686 Lom, eller på e-post til: postmottak@lom.kommune.no. 
Merk uttala med sak nr. 2023/596.

Spørsmål om reguleringsplanarbeidet, kan rettast til Felles plankontor for Lom og Skjåk kommunar v/Øyvind Pedersen, tlf. 47333678 eller på e-post:  oyvind.pedersen@lom.kommune.no

 

Vedlegg:

1_Planomtale RP_Omondjordet (PDF, 5 MB)

2_Reguleringsplankart RP_Omondjordet (PDF, 507 kB)

3_Reguleringsføresegner RP_Omondjordet 20240314 (PDF, 736 kB)

4_ROS RP_Omondjordet (PDF, 4 MB)

5_Masseberekning RP_Omondjordet 20240314 (PDF, 3 MB)

Brev offentleg høyring RP Omondjordet (PDF, 692 kB)

Sakpapir RP Omondjordet (PDF, 2 MB)