Planområdet ligg i Leir- og Bøverdal statsallmenning inntil Veodalsvegen som er bomveg. Det har vore grustak innafor planområdet i ei årrekke som har vore avklart i kommuneplanen, men uttaket er ikkje tidlegare regulert. Planarbeidet har bakgrunn i ønske om vidare drift og utviding av areal for masseuttak i tilknyting til vedlikehald av veganlegget. Planforslaget er utarbeidd av Felles plankontor for Lom og Skjåk kommunar.
Forslaget til detaljreguleringsplan omfattar:
1. Planomtale
2. Reguleringsplankart
3. Forslag til planføresegner
4. ROS-analyse
5. Masseberekning
Desse dokumenta ligg som vedlegg til denne artikkelen, saman med sakspapir frå behandling i Samfunnsutvalet og Formannskapet (planutval). Dokumenta finn du nederst i artikkelen.
Kart og dokumenter er også tilgjengeleg på kommunens si kartinnsynsløysing. Dokumenta ligg dessutan til gjennomsyn i papirversjon på kommunen sitt servicetorg og på biblioteket.
Frist for å kome med uttaler til planforslaget er sett til 13. juni 2024.
Uttalar sendast Lom kommune, Sognefjellsvegen 6, 2686 Lom, eller på e-post til: postmottak@lom.kommune.no.
Merk uttala med sak nr. 2023/607.
Spørsmål om reguleringsplanarbeidet, kan rettast til Felles plankontor for Lom og Skjåk kommunar v/Øyvind Pedersen, tlf. 47333678 eller på e-post: oyvind.pedersen@lom.kommune.no
Vedlegg:
1_RP Stallhytta Planomtale (PDF, 4 MB)
2_Plankart_RP Stallhytta (PDF, 104 kB)
3_Planføresegner RP Stallhytta (PDF, 790 kB)
4_ROS RP Stallhytta (PDF, 2 MB)
5_Masseberekning RP Stallhytta (PDF, 4 MB)
Brev høyring - RP Stallhytta (PDF, 692 kB)
Sakspapir_RP Stallhytta massetak (PDF, 930 kB)