Ledige stillingar

På veg mot Loftet (2170 m.o.h.) 

Kommunen nyttar elektronisk søknadsskjema ved utlyste stillingar. Det er viktig å fylle ut utdanning og praksis i skjemaet. Vi gjer merksam på at namn på søkjar kan bli gjort offentleg sjøl om du ber om reservasjon mot det, jf. Offentleglova §25-2. Søkjarane vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.

Om du ikkje finn stillingar nedanfor denne teksten, tyder det at det ikkje er ledige stillingar akkurat nå. Er det stillingar som ikkje søknadsfristen har gått ut på, kan du lese heile stillingsannonsa ved å trykke på overskrifta.

 Vil du arbeide som lege i ein gjestfri og nyskapande kommune? Moglegheit for å jobbe tilpassa turnus. Søknadsfrist 14. august 2022. 

Det er ledig vikariat i 80% stilling som ergoterapeut ved Ergo- og fysioterapitenesta Lom og Skjåk.

Gjennom ny organisering med felles leiing av barnehagar og skular, ynskjer vi å oppnå ei meir heilskapleg tilnærming til barn og unge sitt oppvekst- og læringsmiljø. Til dette treng vi ein dyktig tenesteleiar for oppvekst. Søknadsfrist 15.08.2022.

Bilde frå inne i eit klasserom

 Loar skule har ledig ei 100% rektorstilling frå 01.10.2022. Skulen husar elevar frå 1.-7. klasse og er plassert midt i nasjonalparklandsbyen Lom. Søknadsfrist 15.08.2022.

 

 Innlandet fylke har ein ledig kommuneplass for LIS 1 i Lom kommune. Søknadsfrist: snarast.

Bilde frå inne i eit klasserom

 Vi treng truleg fleire vikarar både ved Loar skule og Lom ungdomsskule frå nyttår 2022 og utover vårhalvåret. 

Vi treng fleire vikarar, både i Loar og Garmo barnehage. Barnehagane i Lom er aktive barnehagar, med barn og tilsette som trivst godt ute!

Barneverntenesta for kommunane Sel, Vågå, Lom og Skjåk har behov for fritidskontaktar til fleire ungdommar frå ungdomsskulealder og oppover.

Har du overskot og kapasitet?

Ynskjer du vera med å bidra til at nokon får eit meir sosialt liv og ei aktiv fritid?

Lom kommune har behov for støttekontakter av begge kjønn og i alle aldre.