Ergo- og fysioterapitenesta i Lom og Skjåk arrangerer artroseskule!

Ergo- og fysioterapitenesta arrangerer artroseskule i Lom tysdag 7.november kl.12-14!

Dette passar for deg som har artrose og som ynskjer å få betre innsikt i kva artrose er, kva behandling som er anbefalt og kva du sjølv kan gjere for å betre symptom og plager. Du kan få hjelp til eit individuelt treningsprogram. Hovudmålet er å gje deg nok kunnskap til å kunne vedlikehalde aktivitetsnivået på eigahand. Vi gjennomfører kurs tysdag 7.november kl.12-14 i Lom, meir informasjon med oppmøtestad blir sendt på sms etter påmeldingsfrist.  

Ta kontakt med ergo- og fysioterapitenesta Lom og Skjåk for å melde deg på, Skjåk: tlf. 905 06 257 Lom: 48165520/21. Artroseskule er gratis. Påmelding innan 3.november.