Skulehelseteneste

Det er to helsesjukepleiarar tilsett i Lom kommune med ansvar for helsestasjon, skulehelseteneste, helsestasjon for ungdom og smittevernsarbeid. 

 

 

 

I skulehelsetenesta arbeider vi med førebyggjande helsearbeid både på individ- og befolkningsnivå. Vi har tett samarbeid med skulen, føresette og elevar, og kan bidra med samtalar, informasjon og rettleiing.

Vi har eit friskfokus og arbeider med å styrke dei elementa som gjev god helse, og samarbeider med andre tenester for å oppnå dette. 

Les meir om skulehelsetenesta i brosjyren vår (DOCX, 16 kB)

Brosjyre om ressursgruppe i Lom (PDF, 558 kB)

Når er vi å treffe på skulane? 

Stine er å treffe på Loar skule: tysdag og torsdag kl. 10.30 – 13.30.
Liv Marie er å treffe på Lom Ungdomsskule: tysdag kl. 10:00 – 13:00. 

Målgruppe for tenesta

Barn og unge frå 5 - 20 år

Slik får du tenesta

  • Ta kontakt når helsesjukepleiar er på skulen.
  • Ta kontakt på helsestasjonen.
  • Ta kontakt på telefon.

Pris

Tenesta er gratis.

Kontakt

Stine Brenna
Helsesjukepleiar
Mobil 976 67 746
Liv Marie Øyjordet
Leiande helsesjukepleiar
Mobil 976 67 747