Personar som ikkje klarar å ta omsorg for seg sjølv, eller som er heilt avhengig av praktisk eller personleg assistanse for å greie daglege gjeremål, kan få tilbod om praktisk bistand/opplæring.
Målgruppe for tenesta
Målgruppe for tenesta er deg som på grunn av alder, funksjonshemming, sjukdom eller andre årsakar har eit særleg behov for praktisk hjelp i heimen til daglege gjeremål.
Slik får du tenesta
Lom og Skjåk tildelingskontor tildeler heimehjelp etter individuell kartlegging og tverrfagleg vurdering.
Gå til Lom og Skjåk tildelingskontor
Pris
Mottakarar av heimehjelp og praktisk bistand/opplæring som ikkje er til personleg stell og eigenomsorg betalar for tenesta etter abonnementsordning.
Eigenbetaling skal betalast etter husstanden (ektefelle/sambuar) si samla skattbare nettoinntekt før særfrådrag. Den reelle inntekta skal leggjast til grunn dersom inntekta er vesentleg endra, dette må dokumenterast av brukaren.
Lovgrunnlag
Heimehjelp er ei lovpålagt teneste etter Helse- og omsorgstenestelova § 3-2 fyrste ledd nr. 6, bokstav b, og § 11-2 om rett til å krevje vederlag for kommunale helse- og omsorgstenster.
Forvaltingslova.
Rett til å klage
Det er mogleg å klage på vedtaket, jmf. Forvaltingslova § 28. Rett klageinstans er Fylkeslegen i Oppland. Klaga skal sendast til Lom og Skjåk tildelingskontor innan 3 veker frå vedtaket er motteke. Lom og Skjåk tildelingskontor kan hjelpe deg med å skrive klaga.