HeimetenestaHeimeteneste/heimesjukepleie er ei heildøgnsteneste. Tenesta gjev hjelp til personar som ikkje greier seg sjølve i det daglege, og som har eit reelt behov for nødvendig helsehjelp. Ein legg tilrette for at dei som vil skal få bli buande i eigen heim så lenge dei sjølve ønskjer det. Målet er å gje individuelt tilpassa tenester etter behov, utan omsyn til alder, diagnose eller bustad i Lom. Heimesjukepleie blir mellom anna gjeve til: Deg som treng personleg stell Deg som treng hjelp med måltid Deg som treng hjelp til bruk av medikament sårstell, stomistell, blodprøvetaking m.m. Deg som treng stell og pleie i heimen ved alvorleg sjukdom Vi kan og formidle behov for hjelpemiddel, og gje tilsyn og fagleg vurdering. Vi kan rettleie personar og pårørande i høve til demens og andre diagnoser eller livssituasjonar. Vi rykkar og ut ved bruk av tryggleiksalarm. Kvalitetsstandardar Dokumentet ”Kvalitetsstandardar for pleie- og omsorgstenesta i Lom kommune” er ei presisering av korleis Lom kommune ynskjer å tilby sine tenester til innbyggjarane. Kvalitetsstandardar for tildeling av tenester i pleie og omsorg Målgruppe for tenesta Deg som på grunn av funksjonshemming, sjukdom eller skade treng hjelp til pleie og omsorg. Slik får du tenesta Ta kontakt med Tildelingskontoret Lom og Skjåk Pris Tenesta er gratis. Lovgrunnlag Dette er ei lovpålagt teneste. Rett til heimesjukepleie er heimla i Lov om helse- og omsorgstjenesteloven § 3-2 fyrste ledd nr 6 bokstav a. Forvaltningsloven Helspersonelloven Pasient- og brukarrettigheitsloven Forskrift om individuell plan Forskrift om kvalitet i pleie- og omsorgstenesta Avgrensinga i helsepersonells adgang til å motta gåve (rundskriv) Lov om pasientrettar kapittel 4A. Helsehjelp til pasientar utan samtykkekompetanse som motset seg helsehjelp (rundskriv) Rett til å klage Det er mogleg å klage på vedtaket etter Forvaltningslova §§ 27.3 og 28 og Lov om helseteneste i kommunene §2-4. Rett klageinstans er Fylkeslegen i Oppland. Klaga skal sendast til pleie og omsorg i Lom kommune innan 4 veker frå vedtaket er motteke. Pleie og omsorg kan hjelpe deg med å skrive klaga. Sist endret 11.04.2023 09.27